Kampen om publikum
1975 | 1977 | 1990 | 1990 | 1991 | 1997 | 2001 | 2009 |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Steven Spielberg: «Haisommer» | George Lucas: «Star Wars» | «Pretty Woman» | «Alene hjemme» | «Terminator 2», produksjonskostnader over 100 millionar dollar | «Titanic», første som speler inn over 1 milliard dollar | Peter Jackson: «Ringene herre» | James Cameron: «Avatar» |
Blockbusters
Dei tre filmane i trilogien «Ringenes herre» (2001–2003) kosta nesten 300 millionar dollar å lage. Dei spelte inn tett på tre milliardar. Dei gjekk på kino og tv over heile verda, blei selde på DVD og Blu-ray, og håva inn pengar på sal av dataspel, leiketøy, bøker, teikneseriar, kostyme og mykje anna. Velkommen til the Blockbuster.
Ein blockbuster er ei forteljing med stor appell i ei spektakulær innpakning som kan fungere i ei rekkje medium, og som derfor har eit stort potensial for inntening.
I dag er filmselskapa i Hollywood blitt ein del av den internasjonale medieindustrien. Dei lagar ikkje lenger filmane sjølve, men finansierer og marknadsfører produksjonar for sjølvstendige filmskaparar. Spektakulære filmar kan tene inn verkeleg store pengar om dei lykkast, og er naturleg nok enklast å finansiere. Frå «Haisommer» i 1975 til «Avatar» i 2009 har spesialeffektane vore ein vesentleg del av dei fleste storfilmane.
Men det finst likevel rom for såkalla mainstream-produksjonar med kjende namn på rollelista. Budsjetta er lågare, og risikoen dermed mindre, og filmar som «Pretty Woman» og «Alene hjemme»-filmane har vist at dei kan vere svært lønsame.
Ein tredel av filmmarknaden i dag består av uavhengige produksjonar med låge kostnader som gjerne rettar seg mot spesielle grupper innanfor publikum.
«Haisommer»
Den første av filmane i blockbuster-sjangeren, frå 1975.
«Star Wars»
«Star Wars»-filmane, den første frå 1977, var med og definerte blockbuster-sjangeren.
«Pretty Woman»
Ein av dei aller mest vellykka romantiske komediane blei også ein av dei mest lønsame filmane i 1990.