Internasjonal film
1975+ | 1998 | 2000 | 2001 | 2008 |
---|---|---|---|---|
India produserer flest filmar i verda | Danmark: «Idiotene» og «Festen», dogmefilmar | Kina: «Snikende tiger, skjult drage» | Frankrike: «Den fabelaktige Amélie fra Montmartre» | Storbritannia: «Slumdog Millionaire» |
Frå Hollywood til Bollywood
Seks millionar tilsette produserer tusen filmar i året. Dei omset for åtte–ti milliardar dollar. Vi snakkar ikkje om Hollywood, men Bollywood.
Det største filmproduserande landet i verda er faktisk ikkje lenger USA, men har sidan midten av 1970-åra vore India.
Bollywood er blitt ei nemning ikkje berre på sentrum for filmproduksjon i India, Mumbai (tidlegare kalla Bombay), men for ein eigen filmsjanger. Bollywoodfilmane er ofte overdådige kjærleikshistorier prega av fargerike kostyme og kulisser og talrike innslag av musikk og dans. Som ei følgje av det multikulturelle samfunnet, har dei fått aukande popularitet også i Vesten.
Etter at det er blitt mogleg å kjøpe film på DVD og på nettet, har filmar frå andre land lettare kunna konkurrere med amerikanske filmar. Den kinesiske kampfilmen «Snikende tiger, skjult drage» blei valdsamt populær i USA og Europa i 2000. Eksempel på andre ikkje-amerikanske suksessar er franske «Amélie» og indiske «Slumdog Millionaire».
Enkelte filmar blir no spelte inn på fleire språk slik at dei lettare kan konkurrere på den internasjonale marknaden. Quentin Tarantino laga filmen «Inglourious Basterds» (jo, det blir faktisk stava sånn!) på både tysk, fransk og engelsk.
«Fryktløs»
«Dabangg» («fryktlaus») blei den mest lønsame Bollywoodfilmen i 2010. Salman Khan er truleg den største actionstjerna i verda. På Facebook har han fleire fans enn Arnold Schwarzenegger, Tom Cruise og Sylvester Stallone til saman.
Skapte hysteri i Noreg
Siden 2010 har det blitt arrangert Bollywood-festival på Lørenskog. Superstjerna Salman Khan var eit av trekkplastera det første året. Det gjekk ikkje stille for seg da han kom til festivalen.
«Snikende tiger, skjult drage»
Denne samproduksjonen mellom produsentar frå USA, Kina, Hong Kong og Taiwan blei overraskande ein internasjonal suksess i 2000.