Gullalder i Hollywood
1929 | 1937 | 1939 | 1941 | 1941 | 1942 |
---|---|---|---|---|---|
Technicolor - fargefilm | Disneys «Snøkvit»: første teiknefilm med spelefilmlengde | «The Greatest Year in Film History» med bl.a. «Tatt av vinden» | «Malterserfalken» introduserer film noir-sjangeren | Orson Welles: «Citizen Kane» | «Casablanca» |
Filmfabrikkane
Veit du kvifor det nettopp var Hollywood som i 1920-åra blei USAs filmby? Jo, blant anna rett og slett fordi han låg så nær grensa til Mexico.
Thomas Edison hadde nemleg patent på filmkameraet han hadde oppfunne, og han handheva patentet strengt. Eigde ein eit kamera utan å ha betalt lisens, kunne det vere greitt med ein kjapp tur over grensa når rykta gjekk om at agentane til Edison var på veg.
Dessutan gjorde klimaet det mogleg å filme ute året rundt.
Den første filmen blei skoten i Hollywood i 1910. Men det er åra frå 1930 til 1945 som blir rekna som gullalderen for Hollywood-filmen. Åtte store filmselskap dominerte produksjonen, som dei organiserte etter samlebandsprinsippet akkurat som i ein fabrikk. Tusenvis av tilsette arbeidde der, både skodespelarar, produsentar, regissørar, forfattarar, stuntmenn, handverkarar og teknikarar. I 1930-åra spytta desse fabrikkane i Hollywood ut nesten 500 filmar i året. Den dominerande stillinga deira gjekk langt ut over grensene til USA. På norske kinoar har amerikanske filmar stått for 60–65 % av tilbodet heilt sidan den tida.
Underleg nok klarte dei store filmfabrikkane å skape nokre glitrande filmar. Nokre av dei har du kanskje sett, som for eksempel «Tatt av vinden», «Casablanca», eller «Citizen Kane». Kanskje har du også høyrt om filmstjerner som Clark Gable, Greta Garbo, Marlon Brando, Katharine Hepburn, John Wayne, Humphrey Bogart, Ingrid Bergman eller Marilyn Monroe.
Dei fleste filmane blei kokte saman etter oppskrifter som blei utvikla i 1920-åra. Westernfilmar, kostymedrama, musikalar, komediar, teiknefilmar og skrekkfilmar var blant dei vanlegaste sjangrane. Nye sjangrar oppstod også, som for eksempel film noir; mørke krimfilmar med hardhuda, men blauthjarta detektivar i hovudrolla. Ta ein titt på «Malteserfalken» med Humphrey Bogart, om du ikkje har sett han.
Filmselskapa laga ikkje berre film. Dei eigde også kvar sine kinokjeder der dei sjølve kunne bestemme repertoaret. I tillegg hadde dei stor makt over uavhengige kinoar, som blei tvungne til å kjøpe pakker som inneheldt B-filmar av låg kvalitet i tillegg til hovudfilmane. Misnøye med denne ordninga førte til at høgsterett i 1948 løyste opp makta produsentane hadde over kinoane. Saman med konkurransen frå det nye tv-mediet var dette ein av grunnane til at Hollywood etter kvart mista den dominerande stillinga si.
Klassisk Hollywood
Eit knippe trailerar for nokre av filmklassikarane som blei produserte på samlebanda i filmfabrikkane i krigsåra.
«Tatt av vinden», 1939
«Stagecoach», 1939
«Citizen Kane», 1941
«Malterserfalken», 1941
«Casablanca», 1942