Modernismen går til filmen

1945 1959 1959 1954 1955 1957 1969
Roberto Rossellini: «Rom - åpen by» Alain Resnais: «Hiroshima, min elskede» Jean-Luc Goddard: «Til siste åndedrag» Akira Kurosawa: «De syv samuraier» Nicholas Ray: «Rotløs ungdom» Ingmar Bergman: «Det syvende segl» Dennis Hopper: «Easy Rider»

Nye bølgjer

Ben Hur

Reynold Brown | Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

Storfilmen Ben Hur, 1959.

Da krigen var slutt, strøymde det igjen ein flaum av lette underhaldningsfilmar ut frå Hollywood-fabrikkane. Men i konkurransen med det nye fjernsynsmediet tørka mykje av inntektene frå kinoframsyningane inn. For å trekkje folk til kinoane, blei det laga storfilmar i breiformat, «Ben Hur» er eit eksempel på det, og det blei eksperimentert med 3D.

I Europa gjekk ein nye vegar for å møte flaumen av amerikanske filmar. Den nye bølgja var ei rørsle på ei rekkje franske filmar i slutten av 1950-åra («Hiroshima, min elskede», «Til siste åndedrag» og andre). Dei nytta eit personleg filmspråk prega av handhaldne kamera, improvisasjon, og klipping som stadig braut illusjonen av verkelegheit.

Ei anna europeisk retning var italiensk neorealisme. Han forkasta Hollywoods oppkonstruerte intrigar og profesjonelle skodespelarar, og tok kameraet ut i gatene for å vise verkelegheita. Okkupasjonsdramaet «Rom – åpen by» (1945) av Roberto Rossellini vann ei rekkje internasjonale prisar.

James Dean

Fotograf: Leverandør: Zuma Press / Scanpix | CC (by nc sa)

James Dean blei eit ikon for det gryande ungdomsopprøret i 1950-åra. Her frå filmen «Rotløs ungdom» (1955). Nokre månader etter innspelinga døde han da han kolliderte i den nye porschen sin.

Over heile verda var kulturen i endring i 1960-åra. Ungdommen vende seg frå ideal som patriotisme og heltemot til toleranse og vekt på indre personleg vokster. Hippierørsla voks fram. Også Hollywood-filmane forandra seg, og antiheltane dukka opp på skjermen. Krigs- og westernfilmane handla meir om personlege tragediar og menneskelege verdiar enn heltemot i kamp. Rasemotsetningane blei tematiserte («Drep ikke en sangfugl», 1962), ungdomsopprøret («Rotløs ungdom», 1955) og fridomslengsla («Easy Rider», 1969).

Nye bølgjer

Trailerar og klipp frå nokre av filmane som sprengde Hollywood-rammene i etterkrigstida.

«Hiroshima, min elskede» (1959)

«Til siste åndedrag» (1960)

«Rom - åpen by» (1945)

«Rotløs ungdom» (1955)

«Easy Rider» (1969)