Filmen i krig
1935 | 1940 | 1940 | 1942 | 1943 |
---|---|---|---|---|
Leni Riefentahl: «Viljens triumf» | Fritz Hippler: «Den evige jøde» | Charlie Chaplin: «Dikatoren» | Frank Capra: «Why We Fight» | Disney: «Der Fuehrer's Face» |
Propagandafilmens triumf
Den andre verdskrigen skulle vise at Thomas Edison hadde rett da han sa: «Den som kontrollerer filmindustrien, kontrollerer det mest kraftfulle mediet til påverknad på folket».
Det byrja med meisterregissøren Leni Riefenstahls «Viljens triumf» frå 1935. Den handlar om partimøtet til nasjonalsosialistane i Nürnberg og bruker lange køyringar, pompøs musikk og ei meisterleg klipping for å skape eit triumferande bilete av Hitler. Riefenstahl var fleire år i varetekt etter krigen, men blei ikkje dømd for krigsbrotsverk. Ho forsvarte seg med at ho ikkje hadde visst om konsentrasjonsleirane, og at kunstnarane dessutan ikkje kan stillast til ansvar for dei politiske problema kunsten deira måtte skape.
Regissøren Fritz Hippler leidde filmavdelinga i Joseph Goebbels propagandaministerium. Dei laga filmen «Den evige jøde», der jødane blei framstilte som rotter og andre skadedyr. Ved å ta frå ei heil folkegruppe menneskelege trekk, var han med på å rydde vegen for folkemordet som følgde.
På den andre sida av Atlanterhavet brukte Chaplin humor i kampen mot nazismen. I «Diktatoren» frå 1940 speler han ein jødisk barberar som blir forveksla med diktatoren Adenoid Hynkel. På denne tida var det berre få menneske i USA som forstod kva nazismen kunne føre til. Den offisielle politikken i Hollywood var at politiske bodskapar skulle unngåast, og at alle land skulle framstillast med respekt. Da Chaplin blei spurd om han var jøde sjølv, svara han: «Eg har ikkje den æra».
Det blei etter kvart laga ei rekkje filmar i USA som skulle auke krigsmoralen i militæret og i befolkninga elles. Sjølv Disneys Donald Duck hadde eit gjestespel i teneste for propagandaen i filmen «Der Fuehrer’s Face».
Størst innverknad fekk dokumentarserien «Why We Fight», som Frank Capra produserte i 1942. Serien var bestilt av forsvarsdepartementet for å auke kampviljen hos soldatane, men president Roosevelt syntest han var så viktig at han fekk han vist på kinoane over heile landet.
«Viljens triumf»
Meir enn 700 000 menneske deltok i partikongressen til nazistane i 1934. Riefenstahls film blei ein av dei mest berømte propagandafilmane nokon gong.
«Diktatoren»
Den kjende globus-scena der diktatoren Adenoid Hynkel drøymer om verdsherredømme. NB: Gå ikkje glipp av slutten!
Sjå heile filmen her.
Donalds bidrag
Disney produserte i 1943 kortfilmen «Der Fuehrer’s Face» for å auke salet av krigs-obligasjonar som skulle finansiere krigsinnsatsen.