Dei første avisene

-131 713 1605 1618 1690 1655
«Acta Diurna», Roma Hoffbulleteng, Kina «Relation», første trykte avis «Courante uyt Italien, Duytslandt, &c», første avis i fullformat «Publick Occurrences», første fleirsidige avis i Amerika, men stansa av sensuren «Weeckelycke Courante van Europa» (nå «Haarlems Dagblad»), avisa med verdas lengste historie

Avisa kjem til

Dei moderne avisene har røter både til Kina og til Romarriket, der byråkratar sende nyheitsbrev til provinsane om det som skjedde i hovudstaden. Så tidleg som 131 f.Kr. veit vi at det i Roma blei utgitt eit dagleg nyheitsbrev kalla «Acta Diurna» som ikkje berre inneheldt referat frå Senatet, men også nyheiter om brotsverk, skilsmisser og andre saker av interesse. Mange reknar dette som det første eksempelet på ein massemediepublikasjon.

Verdens eldste trykte avis: Relation

Leverandør: Universitätsbibliothek Heidelberg / Wikimedia Commons | CC (by sa)

Framsida på den eldste trykte avisa i verda, frå 1609

Den første tida etter Gutenberg blei trykkpressene mest brukte til bøker, religiøse traktatar, løpesetlar og andre småtrykksaker. Men i 1605 byrja Johann Carolus å gi ut det som er blitt anerkjent som den eldste trykte avisa i verda. Ho kom ut på tysk i Strasbourg, som den gongen var ein del av Det tyske riket. Namnet var «Relation».

Carolus hadde tent til livsopphald ved å gi ut handskrivne nyheitsbrev til velståande abonnentar. I 1604 kjøpte han eit trykkjeri, og fann fort ut at det var meir pengar å tene på å trykkje nyheitsbreva. Da kunne han minke prisen og få fleire abonnentar.

«Relation» såg framleis ut som ei bok. Men ho kom ut med jamne mellomrom, og innhaldet var ifølgje tittelen ei «samling av alle fornemme og minneverdige nyheiter».

Liknande aviser dukka raskt opp i fleire byar både i Tyskland og andre europeiske land. Den første avisa i fullformat var «Courante uyt Italien, Duytslandt, &c» frå 1618. Ho introduserte også andre nyvinningar som annonser og bruk av bilete (tresnitt).

Både kyrkja og dei verdslege makthavarane såg på trykksaker som farlege (naturleg nok, når vi tenkjer på korleis dei hadde medverka til religionskrigane på 1600-talet), og innførte varierande grad av sensur. Nederland hadde ingen sensur, derfor blei det også utgitt engelsk- og franskspråklege aviser der. Landet blei ein tilfluktsstad for Descartes, Locke og mange andre av tenkjarane frå opplysningstida.

Trykkeren Abrahm Casteleyn med sin kone

Jan de Bray | Leverandør: Rijksmuseum Amsterdam / Wikimedia Commons | CC (by sa)

Ein utgivar, kona hans og avisa

Den nederlandske trykkaren Abraham Casteleyn byrja i 1655 å gi ut vekeavisa «Weeckelycke Courante van Europa». Under krigen blei ho slegen saman med regionavisa «Haarlems Dagblad», som derfor kan skryte av å vere avisa med den lengste historia i verda.

Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)

«Weeckelycke Courante van Europa»

Førsteutgåva frå 17. november 1655

Første amerikanske avis

Leverandør: Massachusetts Historical Society / Wikimedia Commons | CC (by sa)span>

Stansa av sensuren

«Publick Occurrences» var den første fleirsidige avisa i dei engelske koloniane i Amerika. Første nummer blei trykt i september 1690. Det var meininga å gi han ut månadleg «eller, viss ein overflod av hendingar skulle skje, oftare». Men allereie fire dagar etter utgivinga blei ho forboden av styresmaktene.