Penny-pressa

1833 1835 1836 1841 1855 1871
«The Sun» (USA), Benjamin Day «New York Herald» (USA), James Gordon Bennett «La Presse» (Frankrike), Emile de Girardin «New York Tribune» (USA), Horace Greeley «Daily Telegraph» (UK), Joseph M. Levy «Berliner Tageblatt» (Tyskland), Rudolf Mosse

Aviser for folk flest

Avisgutt

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Pennypressa tok i bruk nye distribusjonskanalar. Tidlegare var det vanleg at lesarane abonnerte på avisa og fekk henne send heim til seg. No blei avisgutane eit vanleg syn i gatene, som i dette biletet frå London i 1862.

Damppressa blei først teken i bruk i London, men det var i USA ein utvikla den forretningsmodellen som både aviser og etermedium har levd med heilt til nyleg. Dei store opplaga gjorde avisene meir attraktive for annonsørar fordi dei no kunne treffe fleire potensielle kundar. Dermed kunne avisa ta meir betalt for reklamen og heller setje ned prisen på avisa, slik at dei kunne selje enda fleire eksemplar. Lesarane betalte altså berre ein mindre del av det avisa kosta å produsere, annonsørane betalte resten.

Sidan prisen kunne bli så låg som ein penny (ein cent) pr. avis, har fenomenet fått namnet «the penny press».

Dei første avisene og bøkene hadde retta seg mot velutdanna menneske innanfor den økonomiske og politiske eliten. Men no hadde også vanlege folk lært å lese. Det var dei som utgjorde målgruppa for dei nye billigavisene.

Språket var folkeleg. Lange politiske diskusjonar måtte vike for korte skildringar av hendingar. Den viktigaste informasjonen kom først i teksten, slik at også dei som ikkje var så flinke til å lese, fekk det med seg.

Innhaldet var det folkesmaken som dikterte. Den viste seg å føretrekkje sensasjonar, svindlar og bedrag, sladder, hets, løgn og bakvasking, sjokkerande skandalar og brotsverk skildra i mest groteske detalj. Overdrivingar var vanleg, stikkpengar ein kurant arbeidsmetode, og om nødvendig kunne både fakta og kjelder diktast opp. Men kva så? Avisene var blitt kommersielle og kom ut først og fremst for å gi eigarane inntekter.

Ivrige aviskjøpere i 1865

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Folk stimlar saman i London i 1865 for å kjøpe aviser med nyheita om at Abraham Lincoln var død.

I Storbritannia såg både regjeringa og dei etablerte avisene med avsky på denne utviklinga. Dei brukte høge avgifter for å hindre at noko slikt skulle skje hos dei. Men i 1855 blei avisskatten fjerna, og «Daily Telegraph» blei det første eksempelet på pennypresse i Storbritannia.

Frankrike var like tidleg ute som USA med si pennypresse, som dei kalla «presse à bon marché», eller billigavis. I Tyskland blei utviklinga bremsa av sensur og politisk uro og skaut først fart i 1870-åra.

The Sun

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

«The Sun»

Det var allereie elleve dagsaviser i New York da Benjamin Day starta «The Sun» i 1833. Med låg pris, laussal og sensasjonar blei ho på kort tid den største avisa i byen.

New-York Daily Tribune

Leverandør: Library of Congress

«New York Daily Tribune»

«New York Daily Tribune», april 1842. Avisa blei gitt ut av den kjende redaktøren Horace Greely og var ei av dei fremste avisene i USA. Meir enn halve framsida (høgre del) består av annonser.

La Presse

Leverandør: akg-images/Scanpix | CC (by nc sa)

«La Presse»

Den konservative avisa «La Presse» var ei av dei første billigavisene i Frankrike. Ho blei seld på gata til halve prisen av dei andre avisene. Her ei utgåve frå 1936.

Ekstra! Ekstra!

Avisgutane var ein viktig del av nyheitsdistribusjonen. Her ser du nokre av dei i aksjon, rett nok i 1940-åra, men teknikken hadde neppe endra seg mykje sidan dei dukka opp første gongen.

The Penny Press

Ei kort videoførelesing om pennypressa, med mange eksempel.