Undersøkjande journalistikk (2)
1954 | 1971 | 1972 | 1974 | 1979 |
---|---|---|---|---|
Edward R. Murrow set søkjelyset på metodane til kommunistjegeren Joseph McCarthy | «New York Times» publiserer Pentagon-papira lekte av Daniel Ellsberg | Woodward og Bernstein i «Washington Post» dekkjer innbrott i Watergate-bygninga | President Nixon går av som følgje av Watergate-skandalen | John Pilger avslører overgrepa til Khmer Rouge i Kambodsja |
«Eg er ingen kjeltring»
17. juni 1972 arresterte politiet fem menn som hadde brote seg inn i kontora til valkamporganisasjon til det demokratiske partiet i Watergate-bygninga i Washington DC. FBI avdekte at dei hadde tilknyting til Det kvite hus. Nixon gjennomførte ei gransking og uttalte at han kunne seie heilt sikkert at ingen i staben eller administrasjonen hadde hatt noko med innbrottet å gjere.
Hadde det ikkje vore for to ferske reporterar i «Washington Post», Bob Woodward og Carl Bernstein, ville historia slutta der. Hjelpte av ei anonym kjelde som dei kalla Deep Throat, avdekte dei litt etter litt eit nettverk av ulovlege aktivitetar i Det kvite hus og Justisdepartementet, inkludert utpressing og stikkpengar.
To år seinare måtte president Nixon innsjå at han ikkje lenger var i stand til å dekkje over ulovlegheitene, og gå av.
Watergate-skandalen var eit høgdepunkt for den undersøkjande journalistikken, også kalla gravejournalistikk. Her levde pressa opp til idealet om å vere ei vaktbikkje, gjennom å gjennomføre ei kritisk overvaking av makthavarane i samfunnet. Utan pressa ville ikkje sanninga komme fram.
Dette hadde også skjedd under Vietnamkrigen nokre år tidlegare. Rapportane og ikkje minst bileta frå slagmarka skapte ein opinion mot krigen. I 1971 publiserte «New York Times» det dei kalla «Pentagonpapira». Det var ei hemmeleg skildring av krigen som viste at regjeringa systematisk hadde loge ikkje berre for folket, men også for dei folkevalde. Det var denne saka som fekk presidenten til å setje opp ei gruppe av «røyrleggjarar» som skulle tette lekkasjane, og som året etter braut seg inn i Watergate.
Desse sakene, og andre skandalar som også blei avdekte i tida som kom, førte til ei splitting i korleis folk oppfatta pressa. Mange konservative følte at ho var konfliktskapande og fiendtleg. Det blei danna konservative nyheitsorganisasjonar som «Fox News», med klar front mot den «liberale» pressa. Mens meiningsmålingane i 1980-åra viste at 40–50 prosent hadde tillit til pressa, var talet halvert i 2010.
I Noreg blei NRK i ein periode kalla «ARK» av somme konservative, ei forkorting for «Arbeidarpartiets rikskringkasting». Ei norsk meiningsmåling i 2011 viste at 28 prosent hadde tillit til media.
Watergate-skandalen
Watergate-skandalen rulla i to år. Her kan du skaffe deg oversikta på dryge fem minutt.
I 2012 laga avisa «Washington Post» denne nettstaden for å markere 40-årsjubileet for skandalen.
«Alle presidentens menn»
Watergate-skandalen og gravearbeidet til dei to journalistane blei udødeleggjord i filmen «All the President's Men» frå 1976 med Robert Redford og Dustin Hoffman i hovudrollene. Filmen blei nominert til åtte Oscars og vann to av dei. Sjå traileren her.
«Eg er ingen kjeltring»
I to år rulla Watergate-skandalen. Menneske stadig nærmare presidenten blei avslørte. I oktober 1973 måtte visepresidenten gå av. 17. november heldt Nixon denne pressekonferansen, der han avviste alle skuldingar. Men det blei stadig tydelegare at han hadde visst kva som gjekk føre seg. Han mista politisk støtte, og det blei klart at han sannsynlegvis kom til å bli stilt for riksrett. 9. august 1974 innsåg han at slaget var tapt, og gjekk av.