Den revolusjonære pressa
1651 | 1776 | 1789 | 1917 | 1947 |
---|---|---|---|---|
Den engelske borgarkrigen | Den amerikanske sjølvstendekampen | Den franske revolusjonen | Den russiske revolusjonen | Indias frigjeringskamp |
Revolusjon!
«Revolusjonen var verksam før han blei byrja», skreiv den andre presidenten i USA, John Adams, i 1818. Det var pressa han sikta til. Gjennom heile tiåret før den amerikanske revolusjonen hadde pressa flauma over av agitasjon for ei frigjering frå Storbritannia. Eit heilt nytt omgrep blei teke i bruk på denne tida: «den offentlege meining». For første gongen var det interessant å vite ikkje berre kva kongen eller paven meinte, men kva folk flest tenkte om saker og ting. Og nettopp avisene var viktige for både å forme og formidle disse meiningane.
Det same fenomenet finn vi i Frankrike. Det dukka opp foreiningar og klubbar, løpesetlar og aviser, der dei revolusjonære ideane blei heftig diskuterte. Stormen på Bastillen, som førte til den franske revolusjonen, blei utløyst av ein tale heldt av ein journalist.
Debatten heldt fram minst like oppheita da revolusjonen var gjennomført. Heile 350 aviser kom ut i Frankrike i tiåret etter 1789. Dei bidrog også med fanatisk retorikk som førte til terrorveldet der 40 000 menneske blei avretta. Da Napoleon tok makta, blei pressesensuren innført på nytt.
Alle revolusjonar har sine eigne årsaker og verknader. Men somme historikarar meiner at brå og omfattande endringar i media fører til endringar i heile samfunnsstrukturen. Både Lenin og Gandhi innleidde sine revolusjonar med å starte aviser. I våre dagar ser mange ein samanheng mellom utbreiinga av sosiale medium og smarttelefonar og det vi kallar «Den arabiske våren».
Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)
Journalistaktivist
Journalisten Camille Desmoulins eggjar opp folkemengda til å gå til åtak på Bastillen og utløyste dermed den franske revolusjonen.
Leverandør: Science Photo Library / Scanpix | CC (by nc sa)
Journalistaktivist
Sveitsaren Jean Paul Marat gav ut den populære avisa «Folkevennen» under den franske revolusjonen. Han blei stadig meir ytterleggåande og hatefull i retorikken sin, og bidrog sterkt til terrorveldet. Han blei drepen av ei ung jente med kniv, mens han låg i badekaret (på grunn av ein hudsjukdom) og skreiv på ein artikkel.