Undersøkjande journalistikk (1)
1905 | 1902 | 1906 | 1889 | 1908+ | 1912 |
---|---|---|---|---|---|
Samuel Hopkins Adams avslører farleg sal av patentmedisinar | Ida Tarbell avslører korrupsjon i monopolselskapet Standard Oil | Upton Sinclair avslører groteske forhold i kjøtindustrien i romanen «The Jungle» | Jacob Riis avslører kritikkverdige buforhold i New York | Lewis Hine fotograferer barnearbeid for the National Child Labor Committee | Cecil Chesterton (London) avslører aksjesvindel og innsidehandel i samarbeid med ei fransk avis |
Møkkagravarane
Møkkagravarane var ein ny generasjon journalistar som reagerte på hangen den gule journalistikkens hadde til sensasjonar og overdrivingar for å auke opplaget. Dei ville fornye journalistikken, men blei hindra av at all makt i amerikansk presse var samla hos gamle og til dels korrupte menn som sat i ei monopolstilling og gjorde det vanskeleg å starte opp nye aviser.
Så køyrde dei i gang magasin i staden, der dei kom med skakande avsløringar om barnearbeid, forslumma butilhøve, skremmande tilhøve i kjøtindustrien, svindel med medisinar, underslag i politikken og dei korrupte forretningsmetodane til monopolselskapet Standard Oil.
Møkkagravarane såg på seg sjølve som reformatorar, og dei var politisk engasjerte. Dei brukte metodane til den gule journalistikken, men dei skreiv for å endre samfunnet. Dei ville reformere systemet, ikkje velte det.
Likevel gjorde dei så stort inntrykk at somme uroa seg for den sosiale stabiliteten i samfunnet. Sjølvaste president Theodore Roosevelt heldt ein tale der han oppfordra dei til å passe seg så dei ikkje gjekk for langt. Han meinte at dei stod i fare for å utløyse opprør og ein reaksjon frå dei kreftene dei kjempa mot.
I 1914 var møkkagravartida over i USA. Det var ikkje berre på grunn av Roosevelts tale. Rettssaker om ærekrenking gjorde sitt. Lesarane var dessutan gått trøytte av korsfararar og reformatorar. Og i 1914 byrja første verdskrigen.
Men innsatsen deira hadde ført til varige resultat. Monopolet til Standard Oil blei oppløyst, eit næringsmiddeltilsyn blei oppretta, ei lov om barnearbeid blei vedteken, marinen blei omorganisert, valordninga til Senatet blei endra.
Og fenomenet var ikkje dødt. To generasjonar seinare skulle ny møkkagraving føre til at ein amerikansk president måtte gå av.
«Korleis den andre halvparten bur»
Ved hjelp av nye oppfinningar som blitzlampa og rastertrykk kunne fotojournalisten Jacob Riis i 1890 presentere boka «How the Other Half Lives». Bileta frå slumstroka i New York sette ein standard for møkkagravarane og utløyste undersøkingar som førte til nye lover og reguleringar.
Barnearbeid
Ein av dei urettane møkkagravarane kjempa imot, var bruken av barn som arbeidskraft i industrien. Her kan du sjå eit slideshow med bilete av barneskjebnane, fotografert av Lewis Hine tidleg på 1900-talet.
Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)
«Jungelen»
Forfattaren Upton Sinclair blei berømt da han skreiv romanen «The Jungle» i 1906. Sinclair oppheldt seg sju veker i forkledning som arbeidar i kjøtindustrien i Chicago. Romanen avslørte groteske forhold og skapte eit ramaskrik som førte til nye lover og reguleringar i matvareindustrien. Her ser du gutar som stappar pølser i 1893.