Død over avisa?

1997 2002 2008 2010 2010 2012 2012
«Wall Street Journal» set opp betalingsmur for nettavisa Gratistenesta «Google News» samlar nyheiter frå alle nettavisene Fleire les nyheitene på nettet enn i avisene Britiske «The Times» med betalingsmur Apple lanserer iPad som mange håper skal redde avisene «Fædrelandsvennen» blir første norske dagsavis med betalingsmur New Orleans blir første større amerikanske by utan dagsavis

«Come hell and high water»

The Times-Picayune

Fotograf: Charlie Varley | Leverandør: SipaUSA/Scanpix | CC (by nc sa)

Siste utgave av dagsavisen "The Times-Picayune".

I 175 år har avisa «The Times-Picayune» komme ut i New Orleans. Midt under katastrofen da orkanen Katarina raserte byen i 2005, heldt avisa fram med å rapportere under slagordet: «We publish, come hell and high water.» Reportasjane skaffa avisa ein Pulitzerpris.

Sommaren 2012 blei New Orleans den første større amerikanske byen utan ei dagsavis. «Times-Picayune» såg seg nøydt til å redusere utgivingane til tre gonger i veka. Fleire amerikanske dagsaviser følgde etter.

Kva hadde skjedd?

Svaret er som du nok allereie har gjetta: Internett.

Rupert Murdoch

Fotograf: Roger Ressmeyer | Leverandør: Roger Ressmeyer / Corbis / Scanpix | © All Rights Reserved

«Ei elv av gull» var avisene ein gong for pressebaronen Rupert Murdoch.

Dei trykte avisene opplevde ei blomstring utan sidestykke mellom 1945 og 1970. Fotosats og offset-trykk gjorde produksjonen billigare, og inntektene til eigarane auka. Store internasjonale investorar kjøpte opp avis etter avis. Rupert Murdoch, ein av dei nye pressebaronane, skildra ein gong inntektsstraumen frå avisene sine som «ei elv av gull».

Så kom Internett. I løpet av 1990-åra hadde dei fleste avishusa lagt utgåvene sine på nett. Dei likna dei trykte avisene på dei fleste måtar bortsett frå éin: Dei var gratis.

Det var vanskeleg å ta betalt for innhald på nettet. Dessutan rekna utgivarane med at dei kunne subsidiere nettavisa med inntektene frå papiravisa, som framleis var romslege.

Når vil avisene forsvinne

Leverandør: Ross Dawson / Trends in the Living Networks

Når vil avisene slik vi kjenner dei i dag, vere fortid? Framtidsforskaren Ross Dawson har laga dette kartet over utviklinga globalt, basert på dagens trendar. USA ligg først i løypa med 2017 som det kritiske årstalet, mens Noreg følgjer etter i 2020.

Desse inntektene kom i stor grad frå reklame. I 2000 var dei samla annonseinntektene i amerikanske aviser på over 60 milliardar dollar. Berre ti år seinare var summen redusert med to tredelar. Annonsørane føretrekte reklame på nettet, og berre ein brøkdel av denne hamna i nettavisene.

Ikkje berre tørka reklameinntektene inn, men stadig færre var villige til å betale for abonnementet. Kvifor betale, når innhaldet låg gratis tilgjengeleg på nettet?

At papiravisene forsvinn, er naturlegvis trist for utgivarane. Det som uroar fleire, er kva som vil skje med journalistikken. Vi har sett korleis journalistikk har forma ein offentleg opinion som har skapt revolusjonar og velta presidentar. Gravejournalistar har brukt år på å arbeide seg gjennom løgner og bortforklaringar for å avdekkje urett. Vil dette framleis kunne skje når ingen lenger er villig til å betale for det?

New Orleans blir utan dagsavis

«Al Jazeera» rapporterer om nedskjeringane i «The Times Picayune» i New Orleans som fører til at New Orleans blir den første større amerikanske byen utan dagsavis.

Nettavisene får fotfeste

I 2004 var nettavisene enno i startgropa, men trugsmålet dei utgjorde for papiravisene byrja komme til syne. Sjå «Mediemenerne» diskutere dette.

Betalingsmur

Regionsavisa «Fædrelandsvennen» blei i 2012 den første av dei store dagsavisene i Noreg som valde å ta betalt for innhaldet på nettavisa si. Framsida er open for alle, men det meste av innhaldet er berre tilgjengeleg for dei som abonnerer på papiravisa.