Tabloid-pressa
1883 | 1895 | 1896 | 1898 | 1903 |
---|---|---|---|---|
Joseph Pulitzer kjøper «New York World» | William R. Hearst kjøper «New York Journal» | «London Daily Mail», Lord Northcliffe | Pulitzer og Hearst pressar regjeringa til krig mot Spania | «Daily Mirror», Lord Northcliffe |
Den moderne avisa
Svære overskrifter, mellomtitlar, bilete og illustrasjonar. Tabloidjournalistikk, kampanjejournalistikk, objektiv og litterær journalistikk. I siste halvdelen av 1880-åra hadde pressa utvikla dei verkemidla som har vore nytta heilt fram til våre dagar.
Dei store avisene i USA auka opplaget frå titusenar til hundretusenar takka vere ein straum av tekniske nyvinningar. Overskottet auka for eigarane, som kjøpte opp andre aviser og danna aviskjeder. To av dei mest berømte redaktørane var Joseph Pulitzer og William Randolph Hearst. Dei eigde blant anna to store konkurrerande aviser i New York, «New York World» og «New York Journal».
Pulitzer (ja, han som har gitt namn til Pulitzer-prisen, den viktigaste prisen for journalistikk i USA) var politisk medviten immigrant frå Ungarn, og spesialiserte seg på kampanjar mot korrupsjon og uverdige buforhold i New York.
Hearst var berykta for den skruppellause og ofte uærlege haldninga si til journalistikk. Han gjekk ikkje av vegen for å dikte opp saker eller rappe frå konkurrentane.
I 1896 sende han ein reporter og ein teiknar (!) for å dekkje eit opprør på Cuba. Rapportane og bileta sjokkerte amerikanarane, og Hearst brukte alle middel for å piske opp stemninga. Da interessa dala og reporteren melde at lite skjedde, skal Hearst ha telegrafert tilbake: «Sørg du for bileta, så skal eg sørgje for krigen.»
Denne forma for journalistikk går gjerne under namnet «Yellow Journalism». Gult var ein ganske ny trykkfarge på denne tida og blei brukt for å fargeleggje den populære teikneserien «The Yellow Kid». Målet med Yellow Journalism var ikkje først og fremst å informere eller reformere, men å engasjere kjenslene til lesarane, vekkje sinne og forarging, og på den måten selje fleire aviser. Han gjorde at Hearst i 1935 eigde 28 aviser med 20 millionar lesarar, 13 magasin, åtte radiostasjonar og eit telegrambyrå.
I Noreg kallar vi det gjerne tabloidjournalistikk. Denne nemninga stammar frå Storbritannia, der Lord Northcliffe starta «Daily Mail» i London i 1896 og skaut gullfuglen med eit opplag på 400 000 som raskt auka til ein million. I tillegg til krim, sensasjonar og krigshissing for å trekkje lesarar, brukte han også stunt som da han i 1907 lova tusen pund til den første som klarte å fly over Den engelske kanal.
Men det viste seg at publikum ikkje var einsarta, og at mange kunne gå trøytt av skandalar. «New York Times», som kom ut første gongen i 1851, valde ei meir nøytral form for nyheitsdekning, og blei ein forløpar for det vi i dag kallar objektivitet. I 1896 skapte utgivaren slagordet: «Alle nyheiter som eignar seg for trykk».
Citizen Hearst
William Randolph Hearst bygde opp eit medieimperium som framleis eksisterer. Her kan du sjå traileren til ein film om Hearst og imperiet hans.
Hearst Corporation
Ein litt grundigare presentasjon som viser Hearst Corporations utvikling frå å gi ut ei einskild avis til å bli eit globalt multimedieselskap.
Flyhistorie
Sjå bilete og filmklipp frå det fem dagar lange flyløpet Storbritannia rundt som «Daily Mail» arrangerte i 1911.
Dette var eit av dei stunta Lord Northcliffe brukte for å auke opplaget.
Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)
«The Yellow Kid»
«The Yellow Kid» i teikneserien «Hogan's Alley» av R.F. Outcault i ei side frå Pulitzers avis «New York World» i 1896. Seinare same året blei teiknaren «rappa» av konkurrenten Hearst, og tok med seg den gule guten over i «New York Journal».