Nellie Bly
1864 | 1880 | 1887 | 1887 | 1889 | 1922 |
---|---|---|---|---|---|
Fødd som Elizabeth Jane Cochrane | Journalist for Pittsburgh Dispatch under signaturen Nellie Bly | Tilsett i Pulitzers «New York World» | Reportasjen «Ten Days Inside a Madhouse» | Reiser jorda rundt på syttito dagar | Døyr av lungebetennelse |
Ein kvinneleg gravejournalist
Du trudde kanskje at gravejournalistikk var eit moderne fenomen, eller at det var Günter Walraff som fann opp «å walraffe»? I så fall må du tru om igjen!
Nellie Bly (ho heitte eigentleg Elisabeth Jane Cochrane) var ein journalist som flytta til New York i 1890 og fekk jobb i Pulitzers «New York World». Eit av dei første oppdraga hennar var å sjå nærmare på tilhøva i eit asyl for sinnslidande kvinner.
Men korleis skulle ho komme innanfor? Ho leigde seg eit fattigsleg rom i ein leigegard, øvde litt framfor spegelen, og sette i gang med å spele sinnssjuk. Ho spelte så overbevisande at politiet blei tilkalla. Fleire legar undersøkte henne, og alle som ein konkluderte med at ho var galen.
Forholda i asylet viste seg å vere forferdelege. Maten var elendig, det var søppel over alt, og rottene kravla omkring. Pasientane blei mishandla av valdelege pleiarar. Det verste var at Bly blei overbevist om at nokre av pasientane var like lite gale som ho var sjølv.
Etter ti dagar blei Bly slept ut. Reportasjen hennar, «Ti dagar i galehuset», skapte sensasjon. Styresmaktene sette i gang ei gransking og inviterte Bly til å delta. Alle tilrådingane hennar blei gjennomførde, og dei psykiatriske institusjonane fekk større budsjett. Det blei også sett i verk tiltak som skulle sikre at berre dei verkeleg sinnslidande skulle hamne på asyl.
Bly er også berømt for eit stunt ho gjorde ein gong ho var frustrert og tom for idear og berre ønskte seg vekk frå alt. Femten år tidlegare hadde Jules Verne gitt ut boka «Jorda rundt på åtti dagar». Nellie Bly drog ut for å sjå om ikkje ei kvinne på eiga hand kunne gjere det enda raskare. Avisa trykte alle telegramma ho sende heim, saman med kart og skildringar av landa ho reiste gjennom. Etter 72 dagar var ho tilbake i New York og fekk ei mottaking ei heltinne verdig.
Bli kjend med Nellie Bly
Ein «stumfilmdokumentar» presenterer Nellie Bly på to minutt.
«On the sly with Nellie Bly»
Dette amerikanske elevarbeidet, som nådde høgt opp i ein konkurranse om historiske dokumentarfilmar, gir ein litt grundigare introduksjon til Nellie Blys liv og karriere.
Leverandør: Wikimedia Commons | CC (by sa)
«Jorda rundt med Nellie Bly»
Framsida på boka Nellie Bly gav ut om reisa si rundt jorda.
Du kan lese utdrag frå bøkene hennar her.