Partipressa

1694 1776+ 1885 1933 1990
Pressesensuren blir oppheva i England. Ei rekkje aviser blir starta, knytte til dei to politiske partia Tory og Whig Dei fleste avisene i den nye amerikanske republikken blir finansierte og gitte ut av dei to viktigaste politiske grupperingane 93 % av norske aviser er partiaviser Nazipartiet tek kontroll over alle aviser i Tyskland 32 % av norske aviser er partiaviser

Avisene tek parti

Da dei moderne politiske partia blei danna på siste halvdelen av 1800-talet, førte det til ei oppblomstring av aviser. Dei nye partiavisene blei brukte som talerøyr for partiet, til informasjon og agitasjon, i tillegg til å bringe vanlege nyheiter. Særleg i Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Russland og Skandinavia var dette vanleg.

Dei fleste byar og større tettstader i Noreg hadde både ei høgre- og ei venstreavis rundt 1900, og snart kom arbeidaravisene i tillegg. I 1918 hadde talet norske aviser auka til 250 frå 40 i 1850. Hos oss dominerte partipressa heilt til ut i 1960-åra.

I Tyskland blei alle dei 4 700 avisene i landet anten stengde, konfiskerte eller kontrollerte av nazipartiet da det kom til makta i 1933. Redaktørar som protesterte, blei sende i konsentrasjonsleir. Dei avisene som kom ut, blei brukte til propaganda. Avisa «Der Stürmer» gjekk så langt i antisemittismen sin at redaktøren blei dømd til døden i Nürnberg for brotsverk mot menneskeheita. Da krigen var over, brukte amerikanarane millionar av dollar for å få den frie pressa på beina igjen i Tyskland.

Også USA innførte sensur under verdskrigen, men han var mildare enn under andre krigar. Han hindra ikkje at debatten raste om beredskapen, moglege konspirasjonar mellom amerikansk og tysk industri før krigen braut ut, og kritikkverdige forhold i hæren.

Svelvikposten gikk inn i 1962

Fotograf: Sverre A. Børretzen Leverandør: NTB Scanpix | CC (by nc sa)

Siste utgåva av «Svelvikposten», som var ei av avisene som blei ramma av avisdøden og gjekk inn i 1962.

Den andre verdskrigen førte i Noreg til at talet på aviser blei redusert frå 260 til 114. Mange av dei som var blitt stoppa av okkupantane, starta opp igjen etter krigen. Men dei sleit med å vinne tilbake dei gamle abonnentane. Særleg nummer to-avisene, dei avisene som var nest størst på utgivarstaden, hadde vanskeleg for å få endane til å møtast. Da overgangen frå blysats til fotosats i 1960-åra kravde store investeringar, måtte mange av dei gi tapt. 55 aviser blei lagde ned frå 1950 til 1975.

Der Stürmer

Leverandør: Hulton-Deutsch Collection / Corbis / Scanpix | CC (by nc sa)

«Der Stürmer»

«Jødisk mordplan», hevdar den nazistiske propagandaavisa «Der Stürmer» i 1934, og konkluderer med: «Jødane er vår ulukke.» Det skulle vise seg at det var nokre heilt andre som gjekk rundt med mordplanar.

Senurert notatbok

Leverandør: Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Sensur

Eit manus frå reporteren til «United Press» på Salomonøyene i 1942 etter at det har passert den amerikanske marinens sensur.

Pressedirektør Beggerud i 1940

Leverandør: NTB Scanpix | CC (by nc sa)

Pressedirektoratet

Pressedirektorat til nazistane hadde som oppgåve å nyordne avisene i Noreg og fekk i 1942 mynde til å leggje ned aviser, erstatte redaktørar og innsetje nye medarbeidarar. Anders Beggerud var pressedirektør under heile krigen. Under landssvikoppgjeret blei han dømd til straffarbeid i åtte år.

«Dagbladet» og nazistane

Her kan du høyre om at «Dagbladet» trykkjer ei avis for den tyske okkupasjonsmakta under krigen i 1940–1945. Andre store aviser kjem ut under heile krigen, med nazileiing eller under tysk kontroll.