Den illustrerte pressa

1796 1841 1842 1852 1880 1896
Litografi-teknikken oppfunnen «Punch» «Illustrated London News» Graveringar etter fotografi frå Krimkrigen trykt i «Illustrated London News» Første rasterbilete, «New York Graphic» «Simplicissimus»

Biletalderen

Illustrated London News

The Print Collector | Leverandør: Heritage/Scanpix | CC (by nc sa)

Framsida på «Illustrated London News» frå 1850. Fargelegginga har skjedd i ettertid.

«Folk har ikkje berre slutta å kjøpe desse gammaldagse tinga som kallast bøker, men til og med å lese dei!»

Bokdøden er blitt spådd kvar gong eit nytt medium har dukka opp. Men dette sitatet stammar frå ein skotsk trykkar frå så langt tilbake som 1844. Det som etter hans meining truga ikkje berre eksistensen til boka, men til avisene også, ja sjølve lesinga, var det trykte biletet.

To år tidlegare hadde Herbert Ingram grunnlagt avisa «Illustrated London News». Ideen var å lage ei avis som heilt og fullt var vigd illustrasjonar. Ho blei ein suksess og nådde eit opplag på 300 000 i 1852 da ho trykte graveringar basert på Roger Fentons fotografi frå Krimkrigen.

Illustrerte aviser og magasin dukka snart opp i mange land. Satiriske vittigheitsblad blei ein populær sjanger, som «Simplicissimus» i Tyskland og «Punch» i Storbritannia. Blant norske eksempel er «Krydseren» og «Vikingen».

Gravering var ein både tidkrevjande og kostbar metode som hadde vore brukt heilt sidan Gutenbergs tid. I 1796 blei litografiteknikken oppfunnen i Tyskland. Den gjorde det raskare og billigare å reprodusere bilete.

Foto fra New York Daily Grapic, 1880

Leverandør: Bettmann/Corbis/Scanpix | CC (by nc sa)

Det første fotografiet trykt i ei avis med rasterteknikken, frå «New York Daily Grahpic», 1880. Rasterlinjene går loddrett. Om du ser på eit svart-kvitt avisbilete i dag med ei lupe, vil du sjå at linjene går i kryss slik at dei dannar punkt med trykksverte.

Rasterteknikken, som blei utvikla og perfeksjonert i siste halvdelen av 1800-åra, gjorde det mogleg å trykkje fotografi. Det første fotografiet trykt med denne prosessen stod i avisa «New York Daily Graphic» i 1880, og frå 1890-åra blei det vanleg å sjå fotografi i populære aviser.

Det er framleis rasterteknikken som blir brukt for å gjengi bilete på trykk. Men sjølve trykkjemetoden, offsettrykk, som blei innført i avisene i 1970-åra, er ei vidareutvikling av litografiteknikken.

Karrikatur fra Punch, 1856

Leverandør: The Granger Collection / Scanpix | CC (by nc sa)

Send meg sennepen

Karikatur frå det britiske vittigheitsbladet «Punch», 1856. Ikkje så ulikt våpendebatten som raser i USA i 2013.

Fotograf: Paul E.D. Stewart | Leverandør: Science Photo Library / Scanpix | CC (by nc sa)

Darwins 100-årsdag

Karikatur frå det tyske vittigheitsbladet «Simplicissimus», 1909

Skisser fra valget i England i 1880

Leverandør: The Granger Collection

Presseteiknar

Før reproduksjonsteknikken skapte yrkesgruppa pressefotografar, var det teiknaren som sørgde for bilete frå viktige hendingar. Her skisser frå valet i England i 1880, vist i «Illustrated London News».