Den industrielle pressa
1814 | 1840+ | 1863 | 1886 |
---|---|---|---|
Dampdriven trykkpresse | Tremassepapir | Rotasjonspresse | Linotype setjemaskin |
«Den største forbetringa sidan Gutenberg»
29. november 1814 kom «The Times» i London på gata med ei avis som var trykt i eit skinnande nytt teknologisk vedunder: ei dampdriven trykkpresse.
I nesten fire hundre år hadde pressene fungert på same måten som på Gutenbergs tid. Arbeidet var så hardt og einsformig at ein kunne kjenne igjen ein trykkar på gata på den skeive gangen han fekk av å stå å trekkje i hendelen dag ut og dag inn. No blei arbeidet med eitt mykje lettare.
Og så gjekk det fire gonger så raskt unna. Det måtte seks mann til for å bemanne den dampdrivne pressa til «The Times», men så kunne dei trykkje over tusen sider i timen på begge sider av arket. Drygt ti år seinare var dei oppe i fire tusen. Den gamle pressa, rett nok berre med tre mann, hadde ikkje klart meir enn 250 sider i timen.
Med den dampdrivne trykkpressa var massemedia blitt industri. Og nye oppfinningar kom på i eitt vekk. Papir blei dramatisk mykje billigare da ein blei i stand til å erstatte tekstilfibrar med tremasse. I 1863 blei rotasjonspressa teken i bruk. Ho kunne ta rullar med papir inn i den eine enden og spytte ut ferdige aviser i den andre, nesten 100 000 tolvsiders aviser i timen ved hundreårsskiftet. Jernbanen gjorde det mogleg å spreie avisene over heile landet.
I 1886 kom Linotype med ein maskin som kunne setje tekst med rundt 30 ord i minuttet, fem–seks gonger så raskt som setjarane som til da hadde samla saman bokstavane for hand.
Teknologi utvida også uttrykksmoglegheitene. Rasterteknikken som blei oppfunnen i 1880-åra, gjorde det mogleg å trykkje fotografi i avisa.
Linotype
Han blei kalla Linotype fordi han sette ei linje med tekst om gongen. Han revolusjonerte avisproduksjonen på slutten av 1800-talet.
Sjå traileren til filmen «Linotype: The Film».
Rotasjonstrykk
Sjå ei dampdriven rotasjonspresse i verksemd. Denne er ei Babcock sylinderpresse frå 1900.